Storseier til SK Viggo!

SK Viggo møtte Vestkysten til bortekamp heime på Viggo Stadion 27 timer etter gårsdagens kamp. Det var derimot lite som tyda på det og eit effektiv Viggo går kjapt opp i 3-0. Vestkysten reduserer til 3-1 på hjørnespark men derifrå og ut er det omtrent kun Viggo. Kampen ender tilslutt 9-1 og Viggo kunne ha skåra fleire mål. Ein godt gjennomført kamp som gjer Viggo ei luke på 6 poeng på toppen av tabellen, riktignok med 1 og 2 kamper meir spelt enn dei fleste konkurrentene.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

SK Viggo – Nore Neset

I den utsatte kampen frå runde 4 tok SK Viggo imot Nore Neset på eit Viggo Stadion i vårstemning. Viggo er tent før kampen og allereie etter 2 min har kaptein Ove Rauset stanga inn 1-0 på eit godt slått hjørnespark frå Anders Mathiesen. Forøvrig Mattas 4 assist på 2 kamper. Resten av kampen er meir jevnspelt med eit visst Viggoovertak. Nore Neset kjem til fleire dødballer som blir slått bra inn men Viggo rydder unna i stor stil.

Andreomgang fortsetter i samme stil heilt til ein misforståelse i dei bakre rekker i Nore Neset fører til at Daniel Tonning får fritt leide mot mål. Han speler til Martin Brandtun som aleine med keeper sett inn 2-0. Etter dette får Viggo senket skuldrene og speler bedre fotball men det blir allikevel ikkje fleire mål. Dermed går eit hardtkjempande Nore Neset på sitt første tap for sesongen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

1/4 del av sesongen!

Til tross for at kampantallet i avdelinga er svært ulikt for øyeblikket er ca. 25% av sesongen ferdigspelt. Viggo er på topp men heile 4 lag har 9 poeng. I tillegg lurer Nore Neset like bak med 7 poeng på 3 kamper etter ein sluttspurt mot Hasund Hund som resulterte i 3 viktige poeng. Dette var kampen som var utsatt frå runde 3 og den endte i 3-2 seier. Det er forøvrig svært gledelig at det blomstrer i internettaktiviteten no når sesongen har starta og Nore Neset sitt referat kan du lese her.

4 av 5 kamper i Runde 4 er ferdigspelt, ein runde som foreløpig bød på få overraskelser. Krabbetor tok årets første seier då ein god andreomgang gav ein 4-0 seier over Hasunds Hund.

Eit Skogsvåg uten den solide høgrebacken Kent Rabben som var på Wembley for å sjå Wigan vinne FA-cupen gjekk på ein stjernesmell borte mot eit revansjelystent Mathopen og tapte heile 7-1. Skogvåg følger Brann sin trend i år med å vinne heime og tape borte. Deiras referat lese du her. Mathopen stiller som vanleg med både referat og video.

Søre Neset har virkelig funnet skåringsformen og borte mot Galgen blei det ny storseier 6-2. Søre Neset er dessverre eit av dei få laga som ikkje skriv referat men Galgen har omtalt kampen fyldig her. Det er berre å følge med på heimesida og twitterkontoen @skgalgen for videoreferat.

NHH tok imot Vestkysten og skulle revansjere 5-0 tapet mot Viggo i kampen før. Dette er to lag som er forventa å ligge i nærheten av kvarandre og kampen blei også jevn. NHH trakk det lengste strået og dro i land ein viktig 3-2 seier. Eg er blitt gjort oppmerksom på NHH si heimeside som eg ikkje har klart å finne på egenhånd tidligere. Fyldige referat frå både denne kampen og tidligere kamper kan leses her.

Siste kamp i runde 4 går idag klokka 1500 på Viggo Stadion. Nore Neset er dagens motstander. Allerede i morgen går første kamp i runde 5 då SK Viggo skal ut i sin andre kamp på to dager. Vestkysten er morgendagens motstander. Møt opp!

Gratulerer med overstått!

Gratulerer med overstått!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Søre Neset – Mathopen 5-0

Søre Neset tok ein sterk og viktig 5-0 seier heime mot Mathopen. Dette var Søre Neset sin første 3-poenger etter to strake 1-1 kamper. Samtidig gjekk Mathopen på sitt første poengtap. Dette ifølge @mathopenfotball.

Oppdatert: Skogsvåg fortsatte sin sterke heimestatistikk og slo Krabbetor 3-2 til tross for at Sindre Hoff hos krabbene la ned 15.54 km på Skogsvåg Idrettsplass. Skogsvåg er da berre nokre få mål bak Viggo på tabelltoppen.

Oppdatert lørdag: Både Mathopen og Krabbetor fekk spelere utvist i 1.omgang i sine kamper. Midtsiden.no har skrevet om kampen mellom Søre Neset og Mathopen her. I tillegg har Mathopen vore kjapt ute med referat. Videosammendrag kan sjåast her.

@skgalgen melder om historiens første poeng i 6.divisjon.

vestkysten - galgen

 

 

 

 

Dermed er det kun Hasunds Hund som står uten poeng i avdelinga. Dei har flytta sin heimekamp mot Nore Neset i runde 3 til Nore Neset Idrettsplass og tidspunktet er onsdag 15.mai klokka 20:00. Før dette skal heile avdelinga i aksjon lørdag 11.mai klokka 13:00.

Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

To serierunder ferdigspelt + noko attåt

2.serierunde blei ferdigspelt i sin heilhet for halvanna veke siden. Det har egentlig vore spelefri i avdelinga denne helga, men det har allikevel blitt spelt 3 kamper. NHH nytta sjansen som vanleg til å flytte kamper vekk frå sommerferien og spelte to kamper på 3 dager mot Hasunds Hund og SK Viggo. SK Viggo flytta i tillegg fram bortekampen mot Skogsvåg i runde 9.

La oss starte med runde 2. Etter ein svært jamn første serierunde blei det større forskjeller no. SK Viggo tjuvstarta runden borte mot nedrykksdømte Hasunds Hund. Etter at hundene lenge holdt følge så tok Viggo over på slutten og vant komfortabelt 5-2. Referatet til skviggo.com finn du her.

Nore Neset fortsatte etter det sterke uavgjortresultat mot Søre Neset og slo Skogsvåg 3-0 på heimebane. Eit kort referat frå Skogsvåg ligger her.

Mathopen slo NHH 1-0 borte i første kamp og mot Vestkysten beviste dei at dei blir tøffe å slå heime på Kongsmyren. 4-o blei resultatet i ein kamp der Vestkysten brant ein straffe på tampen av førsteomgang. Mathopen viser dødballstyrke og dei 3 første måla kjem etter hjørnespark. Vestkysten skriv om sine kamper på si facebookside. Mathopen har fått igang si heimeside til seriestart og det er ekstra kjekt at dei ser ut til å filme kampene sine! Både kampreferat og eit langt videosammendrag finn du her. Ein del midtstoppere blir imidlertid avslørt på sine forsøk på å sette linja. Sjekk ut midtstopparen til Vestkysten på 3:35.

Etter ein sterk seriepremiere mot SK Viggo skulle Galgen slå tilbake mot NHH. Etter ein jamn kamp er NHH mest effektive og vinner noko flatterende 3-0. Nicolai Græsdal har forøvrig tatt tak i heimesida til Galgen slik at den no er oppdatert og blant dei bedre i avdelinga. Alltid veldig gledelig og det er berre å håpe at fleire klubbar følger initiativet. Kampreferat frå kampen mot NHH finn du her. Også Galgen filmer kampene sine så referat med video frå seriepremieren mot Viggo kan du sjå her.PAGE HEADER1

I rundens siste kamp skulle Krabbetor spele heime mot Søre Neset. Kampen var imidlertid flytta og blei spelt på Søre Neset si heimebane. Krabbetor har begrensa banekapasitet og dei flytter derfor enkelte kamper til bortebane. Ein kamp mellom to lag tippa i toppen endar 1-1. Også Krabbetor har fått fart i heimesida si etter seriestart og referat leser du her.

Dermed toppa Mathopen tabellen etter 2 seirer og 5-0 i målforskjell. Viggo følger hakk i hjel med litt svakara målforskjell mens ambisiøse Søre Neset står med noko skuffande 2 poeng etter ein tøff seriestart.

Skogsvåg – SK Viggo blei flytta fram frå runde 9 og spelt fredag 26.april. Viggo får virkelig bruk for den store troppen sin då det kjem eit ras av skader på trening veka før. Både Daniel Tonning, Ørjan Gjerstad, Martin Brandtun og Marcin Sikorski pådrar seg meir eller mindre alvorlige skader. Alle 4 har vore sentrale i det offensive spelet og skåra 5 av 7 mål i dei to første kampene. I tillegg mangla ein del andre spelara av forskjellige grunner. Det er allikevel eit solid Viggolag som møter opp på Skogsvåg Stadion som for anledningen er nesten vindstille. Viggo går til pause med ein noko heldig 1-0 ledelse etter eit skudd frå Marius Nesse. Andreomgangen ender derimot meget svakt og ein slepp inn 4 mål siste halvtimen og tapar 4-1. Alt i alt ein fortjent seier til eit bra Skogsvåglag. Viggo klarte aldri å få spelet til å sitte og når ein heller ikkje klarer å gå i krigen så ender det med årets første tap. Viggoreferatet finn du her, mens Skogsvåg sitt ligg her.

Søndag 28.april var det duka for Hasunds Hund mot NHH 3 som er eit framskutt oppgjer frå runde 7. Økonomene tar seg greit av hundene og vinner 5-2 på bortebane.

Tirsdag 30.april blei det atskillig tøffere motstand når dei tjuvstarta runde 3 og tok imot eit såra SK Viggo på Myrdal. Kaptein Ørjan Gjerstad er tilbake etter skade sammen med Marcin Sikorski som startar på topp. Sjur Ness og Stian Birkestrand sprang maraton på lørdag og blir spart frå start av. Viggo tar tidleg kommandoen og til tross for at ei kraftig haglbyge i førsteomgang gjer speleforholda noko ufyselege så styrer Viggo det meste på banen. NHH kjem til få sjanser mens Viggo sine blir stadig større. Det ender til slutt overbevisende 5-0 og Viggo er nok nærmare 8-0 enn NHH er 5-1. Eit ferskt referat kan du lese her.

keep-calm-cause-we-re-top-of-the-league

Dermed er det eit svært ujevnt kampantall allerede tidlig i sesongen. Viggo topper tabellen med 9 poeng men har to kampar meir spelt enn Mathopen som har 6. Førstkommande fredag er det eit særdeles viktig oppgjer mellom Søre Neset og Mathopen. Mathopen kan for alvor vise opprykksambisjoner med seier her. Søre Neset har kun to poeng og vil havne skikkelig bakpå med nok eit poengtap. I tillegg tar Skogsvåg imot Krabbetor heime på festningen sin. Lørdag er det Vestkysten som tar imot eit Galgen som framleis ventar på sesongens første poeng. Runden blir avslutta onsdag om ei veke med Hasunds Hund – Nore Neset som er blitt flytta til Nore Neset idrettsplass.

Det har vore ein meget spanande start på sesongen og det er spesielt gledelig at så mange heimesider er oppe og går med referat etter kampane. Ekstra skryt til Mathopen og Galgen som legg ut film frå kampene.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

2. serierunde

Første runde er ferdigspelt. Forutenom Skogsvåg sin 4-1 seier over Hasunds Hund var kampene som spådd svært jevne. 3 ettmålsseirer og ein uavgjort i lokaloppgjeret mellom «Nesena» er fasiten.

I oppgjeret mellom Søre og Nore Neset lurer alle på kvar ballen blei av.

I oppgjeret mellom Søre og Nore Neset lurer alle på kvar ballen blei av.

Andre serierunde tjuvstarter med lokaloppgjeret mellom Hasunds Hund og SK Viggo på Nymark 04 i kveld klokka 2015. Det er igjen 3 lørdagskamper klokka 13:00

Nore Neset – Skogsvåg
Mathopen – Vestkysten
Galgen – NHH 3

Mandag går siste kamp mellom Krabbetor og Søre Neset. Merk at denne kampen går på Søre Neset si heimebane.

Håper på nok ein jevn runde med god innsats og speleglede!

Posta under Uncategorized | 7 kommentarar

Sesongen er i gang!

Skogsvåg tok ein ikkje overraskende 4-1 seier over Hasunds Hund i sesongens første kamp i går. Eg er allikevel overbevist om at Hundene ikkje tok tapet for tungt. Eg bur knappe 500 meter unna Hulen og eg syntest å høre bjeffing all night long.

Det har komen fleire kommentarer på sesongtipset og ingenting er kjekkare enn det! Engasjement i avdelinga gagner alle lag og skaper ekstra stemning.

Når eg skulle tippe årets avdeling var det eit par lag som skilla seg ut som vanskelege å plassere. NHH 3 finnes det lite og ingen info om utanom forrige sesong. Nore Neset har mista 3 spelere til Søre Neset og har heller ingen info om treningskamper. Til slutt synes eg det var vanskeleg med Mathopen. Fleire av plasseringane blei gjort like før publisering. Eg vil tippe at eit lag frå nedre halvdel vil overraske positivt mens muligens eit av topp 5 laga vil markere seg negativt. All erfaring tilsier at det kjem ein overraskelse eller 2.

Tabellen basert på treningskampene

Tabellen basert på treningskampene

Men idag er det seriestart for alvor. Eg ynskjer alle lykke til i sine respektive kamper! For supporterene er det berre å møte opp! Såvidt meg bekjent er det gratis inngang på alle kamper!

Dette er dagens kamper. Alle starter 13:00.

Vestkysten – Krabbetor @ Varden Kunstgress 1

Viggo – Galgen @ Viggo Stadion

NHH 3 – Mathopen @ Myrdal

NB: Det ligger an til eit bikkjeslagsmål på Kuventræ i 3.div Avd.7 idag. Os tar imot hardtsatsande Lysekloster. Dette er ein kamp som anbefales.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Avdelingsvinnaren!

Dagen er komen og dei to øverste plassene som gjer opprykk og kvalifisering skal fordelast.

Søre Neset

Søre NesetSøre Neset rykka ifjor ned frå 5.divisjon Avd.3 på målforskjell. Dei var fattige 2 mål bak Kjøkkelvik og to poeng bak Rosendal som kom tredje sist. Det var altså små marginer. (Etter ein kommentar frå ein observant leser så ser ein at målforskjellen er -30 på Søre Neset. Men dei møtte ikkje opp til bortekampen mot Halsnøy og fekk dermed 3 minusmål i tillegg. Dette fekk dei ikkje informasjon om før sesongslutt og det var altså dei 3 måla som førte til nedrykket.) Tidlegare Brannkeeper og bussjåfør Vidar Bahus trente laget ifjor men er no blitt erstatta av ein trenertrio som du kan lese meir om her.

«Målet for sesongen er comeback i 5. divisjon», seier Stian Kvåle frå den nye trenartrioen.

11-04-2013 00-40-18

Remi Lindborg skårar mot Os 2 i fjorårets sesong

Dei sleit med eindel fravær i fjor, blant anna var troppen sårbar grunna offshorearbeidarar.  Men før sesongen i år er stallen betraktelig styrka med 8 spelarar; Alexander Thuen, Remy Snilstveit og Kenneth Hufthammer frå Nore Neset, Eirik Skåtøy, Andrew Lukey og Christer Johannessen frå Søfteland, Mounir Aouachria frå Os og Thomas Øvredal frå Lysekloster. Viss tidlegare Os-goalgetter Remi Lindborg også finn vegen til nettmaskene i 6.divisjon kan Søre Neset bli eit tøft lag å slå. I årets treningskamper har dei tapt 5-2 for Os 2 som i fjor rykka opp til 4.divisjon og 3-1 mot Norheimsund som rykka ned til 5.divisjon mens dei har slått 6.divisjonslaga Søfteland (2-0) og Eikelandsfjorden (5-2). Søre  Neset vil garantert kjempe heilt i toppen i år og er ein sterk kandidat til avdelingsseieren.

Drakt/Shorts:               Rød/Rød

Heimebane:                  Søre Neset Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:                11.plass av 11 i 5.div Avd. 3 (3-4-13, 24-54) 

Pass på:                          Målfarlege Remi Lindborg

Tabelltips:                      2.plass

SK Viggo

viggologo minEg føler eg gjentar meg sjølv. For fjerde året på rad så glapp opprykket for SK Viggo. Det vil seg ikkje for den tradisjonsrike klubben og ein slit med å vinne dei viktige kampene. I fjor blei det to tap mot avdelingsvinner Minde og eit surt tap borte mot Lysekloster 2 (1…) som sendte Viggo ned på 3.plass.  Før årets sesong takka trener Kjell Lygren for seg etter 4 år og ny trener blei tidligere Austrheim og Ny-Krohnborgtrener Tor-Eivind Karlsen. Spelerstallen er omtrent den same som i fjor og stabiliteten bør slå poitivt ut. Som vanleg har Viggo gjort det svakt i TBWL men tatt seg saman i dei siste treningskampane. Martin Brandtun viser solid målform, Ørjan Gjerstad storspeler som midtbane mens Daniel Tonning ser ut til å ha prikka inn formen til seriestart. Viggo har ein solid stall og trenerskiftet har muligens slått positivt ut for dei som ikkje starta så mange kamper i fjor. Nettopp det å beholde den store og jevne troppen blir nøkkelen for Viggo i år. Med fleire matchvinnere i begge ender av bana og ein solid benk bør ein klare å vinne dei kampene der alle ikkje har dagen. Det går mot nok ein sesong i toppen for SK Viggo og i år er det kun ein ting som gjeld:

r600x600

Årets Viggosko er av typen Nike Tiempo Legend og er bestilt frå nikeid.com (Eg gjer oppmerksom på at bloggaren ikkje blir sponsa for denne reklamen).

Drakt/Shorts:               Gul/Blå vertikale striper /Blå

Heimebane:                  Viggo Stadion (kunstgras)

Førre sesong:                3.plass i 6.div Avd. 1 (13-2-3, 80-32)

Pass på:                          Hemmelig

Tabelltips:                      1.plass

Tabellen

  1.  SK Viggo
  2.  Søre Neset
  3.  Mathopen
  4.  Krabbetor
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund

Dermed er tabellen full og årets tabelltips vil i sin heilhet bli lagt ut på ei eigen side som du kan trykke deg inn på via headeren øverst. Det vil koma ein kort oppsummering med vintertabell i måro.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

3.-4.plass

Det gjenstår 4 lag i årets avdeling og det kan bli meget jevnt mellom dei øverste laga. Det er små marginer som skiller og det gjer jobben min vanskelig. Eg har allikevel klart å plassere laga.

Krabbetor

Krabbetor FK copyKrabbetor blei stifta i 2007 og er eit lag med utspring i miljøet av studentar og likesinna drå Dalsfjordområdet. Dei siste åra har derimot studentane blitt vaksne og det har dermed blitt mindre tid til fotballen. Dette har medført at dei i år berre har eit senior herrelag. Som ein liten digresjon kan eg nevne at dei og har eit damelag og eit futsallag. På sitt beste var dei innom 4.divisjon, men er no tilbake i 6.divisjon for første gang sia 2009.  Som nevnt blir det mindre tid til fotball når jobb og nystifta familier tar meir tid men Krabbetor har framleis mange gode spelarar. Problemet i år kan bli bredden i stallen. Med sine beste 11 kan Krabbetor kjempe heilt i toppen. I 6.divisjon stiller du sjeldent med dei same 11 og dei vil derfor havne rett bak dei beste i år. Tidlegare storskårar Ole Petter Mundal har ikkje vore med i år grunna ein operasjon men har følgende kommentar til tipset:

Ole Petter Mundal til høgre

Ole Petter Mundal til høgre

«Tipset høyres fornuftig ut. Men eg har trua på opprykk!»

Drakt/Shorts:          Svart/Grøn (tidlegare
«                                   vinrød/grøn)

Heimebane:              Nygårdsmyren Idrettsplass
                                   (kunstgras)

Førre sesong:           11.plass av 11 i 5.div Avd. 1
«                                   (5-2-13, 43-65)
   

Pass på:                     Krabbetor har rykka opp
                                    eller ned i alle åra dei har
                                    eksistert                                  

Tabelltips:                 4.plass                                                                                                                                            

Mathopen

759534_145721Mathopen kom ifjor på kvalikkplass i 6. divisjon avdeling 2. Der møtte dei Lysekloster 2 (som stilte med eit tilnærma førstelag). Etter sterke 2-2 heime på intime Kongsmyren fekk dei juling og tapte 6-1 borte. Eg har ein mistanke om at avdeling 2 var ein del svakere enn avdeling 1 førre sesong. Mathopen skal allikevel ikkje undervurderes og som nemnd har dei ei meget intim heimebane. Den er småtrange 57 meter brei og korte 87 meter lang. Ein får ikkje god tid med ballen her og det er lite bakrom å spele i. Dette veit heimelaget å utnytte og dei er flinke til å komme til innlegg og fylle opp boksen. Mathopen rykka opp frå 7.divisjon i 2011 så det at dei gjekk rett til kvalifisering i fjor er sterkt. Dei vant alle kampene i gruppespelet i TBWL der dei blant anna møtte avdelingskollegaene Viggo og Galgen. I kvartfinalen blei det imidlertid full stopp mot 7.divisjonslaget Myrdal (5.plass i 7.div Avd. 1 2012). Mathopen er det laget eg sleit mest med å plassere men eg tippar dei inn eit steg ned frå i fjor, nemleg 3.plass.

Kongsmyren Idrettsplass

Kongsmyren Idrettsplass

Drakt/Shorts:           Grøn/Svart

Heimebane:               Kongsmyren Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 8 i 6.div Avd. 2 (10-1-3, 46-31)

Pass på:                     Lange innkast på intime Kongsmyren

Tabelltips:                 3.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  Mathopen
  4.  Krabbetor
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

5.-6.plass

Det er tid for å tippe midten av tabellen. Eg føler meg rimelig sikker på dei 5 øverste laga men er det eit lag som skal blande seg inn her så blir det Skogsvåg.

Skogsvåg

SkogsvaagSkogsvåg er ein tradisjonsrik  klubb frå Sotra som ofte har lagt høgare opp i divisjonane. Dei har imidlertid slitt dei siste åra og til tross for spede opprykksambisjoner har dei ikkje tatt steget opp i toppsjiktet i 6.divisjon. Dei har ein tendens til å satse på opprykk men svikte litt og så klappe meir og meir saman når opprykkshåpet forsvinner. Dette mønsteret kan godt gjenta seg i år. Dei har sikret seg ein forsterkning i Knut Ove Høyland frå 4.divisjonslaget Telavåg og jobber med ein til. Artig nok er det kontraktuelle problemer som gjer at den overgangen drar ut. Noregs største Wiganfan og Skogsvåg sin trofaste høgreback Kent Rabben har følgende kommentar til tipset:156538_10150963872965219_1152855171_n

«Å tippe Skogsvåg på 6.plass tror og håper jeg blir for lavt på tabellen. Tror laget kan henge med i kampen om kvalifiseringsplassen lenge. En plass fra 4. og oppover tror jeg vi får se Skogsvåg i år!»

Draktfarger:              Grøn/Sort

Heimebane:               Skogsvåg kunstgrasbane

Førre sesong:            5.plass av 9 i 6.div Avd. 3 (6-4-6, 27-25)

Pass på:                      Målfarlige Knut Ove Høyland på midten

Tabelltips:                  6.plass

Galgen

logoGalgen hadde to lag påmeldte i fjorårets 7.divisjon og valgte å toppe andrelaget når dei såg at dei kom i den antatt svakeste avdelinga. Dette gjorde dei heilt rett i og det er då egentlig Galgen 2 som i år er med i avdelinga vår. Det at dei har to lag har gjort at dei har tatt ut ein 1.lagstropp og ein 2.lagstropp før årets sesong. Økt konkurranse bør auke kvaliteten og det rapporteres om ein solid pre-season for Galgen. Dei har blant anna slått Viggo 1-0 og ein storseier 10-2 over Nordnes. Det er verdt å nemne at Nordnes har ein tendens til å levere meget svake treningskamper. Stian André Tolleshaug var i vinter aktuell for SK Viggo men valgte å bli i Galgen. Den meritterte futsalspeleren Nicolai Græsdal bør og kunne drible av ein del backer i avdelinga. Galgen bør derfor vere godt rusta for eit comeback i 6.divisjon og sjølv om det ikkje held til å blande seg inn i opprykkskampen blir det ein 5.plass.

Drakt/Shorts:            Rød/Blå

Heimebane:                Krohnsminde (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 10 i 7.div Avd. 3 (12-2-4, 71-31)

Pass på:                      Den raske og driblesterke vingen Nicolai Græsdal.

Tabelltips:                  5.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  
  4.  
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget