Sesongen er over!

Ein lang sesong er over og dessverre kom høstsesongen så altfor fort for bloggen og det er fleire grunnar for at bloggen meir eller mindre døde ut. Dette tar eg sjølvsagt på min kappe. Om bloggen vil gjennoppstå neste år og om det blir endringer har eg endå ikkje tatt stilling til. Men mykje vil nok avhenge av mi eiga fotballkarriere. Time will show.

Ellers vil eg gratulere alle opprykkslaga i år! Austrheim/Lindås er allereie nevnt men i tillegg kjem Krabbetor og Fusa, også Bjørn West skal nevnast som slo Viggo og Harding/Odda i kvallikken. Lykke til neste år!

Forøvrig traff eg blink på Kalandseid og Fedje i mitt tabelltips. Viggo og Krabbetor bytta plass og til tross for at Øygard 2 gjorde det dei kunne for å innfri tipset mitt starta dei det dårlige spelet litt for seint og havna for høgt oppe. Toppscorer i avdelinga fekk eg aldri nøsta opp i etter tidligare nevnte datakrasj men ei glovarm potet i den diskusjonen er nok Marius på SK Mann. Mestscorande i SK Viggo blei Ørjan Gjerstad med 17mål. Han gjekk tidleg ut og lova 20mål men klarte altså ikkje dette. Uansett er 17mål heile 12 fleire mål enn fjorårets toppscorer i Viggo.

I Fusa har trener Robert Stensønes (eller Ole-Bjørn Sundgot? Sjekk ut likheten mellom Fusatreneren og Hønefosstreneren, attpåtil leda begge sine respektive lag til opprykk) takka for seg etter eit år med suksess og valgt å stikke til kjedelige Vadmyra neste år. I Viggo er ikkje trenerspørsmålet heilt avklart endå men uansett blir det nok opprykk neste år.

Ellers vil eg takke alle lesere av bloggen for eit godt men ustabilt år. Følg med når sesongen 2010 nærmar seg!

NB: Ein liten godbit på slutten! Øystese fotball har laga ein «fantastisk» supportersang. Anbefaler å lytte til både bygdaversjonen og teknoversjonen. Trykk her. (Stian’s Corner tar overhodet ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider)

About stianvb

Blogger om divisjonsfotballen i Hordaland og speler for SK Viggo.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

One Response to Sesongen er over!

  1. Thomas seier:

    Marius på Mann har 23 fulltreffere. Videre på listen finner en Ole Petter (Krabbetor) med 20, Oddgeir (krabbetor) med 19, deretter Ronnie (Tornado) og Ørjan (Viggo) med 17 mål.

    Dette ut ifra de som har oppdatert sidene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s