Korleis brette fotballdrakter?

Det kan virke som om det å brette fotballdrakter ikkje lenger er noko ein legger sjela si i. I nyere tid er det vel blitt sånn at dei fleste har med si eiga drakt heim og har ansvar for denne. Før i tida var det imidlertid vanleg at draktvasken gjekk på rundgang og sjølv om det då og dukka opp enkelte bager der draktene berre var kasta oppi var det stort sett høg kvalitet på brettinga. Ofte gjekk det sport i å levere frå seg den mest stilfulle draktbagen.

For å starte med sjølve brettinga. Ei fotballdrakt skal brettast motsatt av ei t-skjorte. Det er altså ikkje fronten som skal synast, men baksida med nummeret. Dette seier seg egentlig sjølv. Alle som har vore i ein fotballgarderobe veit at spelere kastar seg over draktene for å finne sitt nummer. Viss ein gjer det på rett måte blir altså dette mykje enklare. Her er ein kort instruksjonsvideo som viser ein måte å korrekt brette ei fotballdrakt på.

Når samtlege drakter er bretta på denne måten skal det sjå sånn ut.

DSC_0245 (2)Då gjenstår det berre å sortere draktene etter stigende rekkefølge – høgste draktnummer nederst – i to bunker og legge pent i draktbagen. Då vil sluttresultatet sjå nokonlunde slik ut:

DSC_0248 (2)Dermed har man ein perfekt pakket draktbag. Lykke til!

About stianvb

Blogger om divisjonsfotballen i Hordaland og speler for SK Viggo.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s