Avdelingsvinnaren!

Dagen er komen og dei to øverste plassene som gjer opprykk og kvalifisering skal fordelast.

Søre Neset

Søre NesetSøre Neset rykka ifjor ned frå 5.divisjon Avd.3 på målforskjell. Dei var fattige 2 mål bak Kjøkkelvik og to poeng bak Rosendal som kom tredje sist. Det var altså små marginer. (Etter ein kommentar frå ein observant leser så ser ein at målforskjellen er -30 på Søre Neset. Men dei møtte ikkje opp til bortekampen mot Halsnøy og fekk dermed 3 minusmål i tillegg. Dette fekk dei ikkje informasjon om før sesongslutt og det var altså dei 3 måla som førte til nedrykket.) Tidlegare Brannkeeper og bussjåfør Vidar Bahus trente laget ifjor men er no blitt erstatta av ein trenertrio som du kan lese meir om her.

«Målet for sesongen er comeback i 5. divisjon», seier Stian Kvåle frå den nye trenartrioen.

11-04-2013 00-40-18

Remi Lindborg skårar mot Os 2 i fjorårets sesong

Dei sleit med eindel fravær i fjor, blant anna var troppen sårbar grunna offshorearbeidarar.  Men før sesongen i år er stallen betraktelig styrka med 8 spelarar; Alexander Thuen, Remy Snilstveit og Kenneth Hufthammer frå Nore Neset, Eirik Skåtøy, Andrew Lukey og Christer Johannessen frå Søfteland, Mounir Aouachria frå Os og Thomas Øvredal frå Lysekloster. Viss tidlegare Os-goalgetter Remi Lindborg også finn vegen til nettmaskene i 6.divisjon kan Søre Neset bli eit tøft lag å slå. I årets treningskamper har dei tapt 5-2 for Os 2 som i fjor rykka opp til 4.divisjon og 3-1 mot Norheimsund som rykka ned til 5.divisjon mens dei har slått 6.divisjonslaga Søfteland (2-0) og Eikelandsfjorden (5-2). Søre  Neset vil garantert kjempe heilt i toppen i år og er ein sterk kandidat til avdelingsseieren.

Drakt/Shorts:               Rød/Rød

Heimebane:                  Søre Neset Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:                11.plass av 11 i 5.div Avd. 3 (3-4-13, 24-54) 

Pass på:                          Målfarlege Remi Lindborg

Tabelltips:                      2.plass

SK Viggo

viggologo minEg føler eg gjentar meg sjølv. For fjerde året på rad så glapp opprykket for SK Viggo. Det vil seg ikkje for den tradisjonsrike klubben og ein slit med å vinne dei viktige kampene. I fjor blei det to tap mot avdelingsvinner Minde og eit surt tap borte mot Lysekloster 2 (1…) som sendte Viggo ned på 3.plass.  Før årets sesong takka trener Kjell Lygren for seg etter 4 år og ny trener blei tidligere Austrheim og Ny-Krohnborgtrener Tor-Eivind Karlsen. Spelerstallen er omtrent den same som i fjor og stabiliteten bør slå poitivt ut. Som vanleg har Viggo gjort det svakt i TBWL men tatt seg saman i dei siste treningskampane. Martin Brandtun viser solid målform, Ørjan Gjerstad storspeler som midtbane mens Daniel Tonning ser ut til å ha prikka inn formen til seriestart. Viggo har ein solid stall og trenerskiftet har muligens slått positivt ut for dei som ikkje starta så mange kamper i fjor. Nettopp det å beholde den store og jevne troppen blir nøkkelen for Viggo i år. Med fleire matchvinnere i begge ender av bana og ein solid benk bør ein klare å vinne dei kampene der alle ikkje har dagen. Det går mot nok ein sesong i toppen for SK Viggo og i år er det kun ein ting som gjeld:

r600x600

Årets Viggosko er av typen Nike Tiempo Legend og er bestilt frå nikeid.com (Eg gjer oppmerksom på at bloggaren ikkje blir sponsa for denne reklamen).

Drakt/Shorts:               Gul/Blå vertikale striper /Blå

Heimebane:                  Viggo Stadion (kunstgras)

Førre sesong:                3.plass i 6.div Avd. 1 (13-2-3, 80-32)

Pass på:                          Hemmelig

Tabelltips:                      1.plass

Tabellen

  1.  SK Viggo
  2.  Søre Neset
  3.  Mathopen
  4.  Krabbetor
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund

Dermed er tabellen full og årets tabelltips vil i sin heilhet bli lagt ut på ei eigen side som du kan trykke deg inn på via headeren øverst. Det vil koma ein kort oppsummering med vintertabell i måro.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

3.-4.plass

Det gjenstår 4 lag i årets avdeling og det kan bli meget jevnt mellom dei øverste laga. Det er små marginer som skiller og det gjer jobben min vanskelig. Eg har allikevel klart å plassere laga.

Krabbetor

Krabbetor FK copyKrabbetor blei stifta i 2007 og er eit lag med utspring i miljøet av studentar og likesinna drå Dalsfjordområdet. Dei siste åra har derimot studentane blitt vaksne og det har dermed blitt mindre tid til fotballen. Dette har medført at dei i år berre har eit senior herrelag. Som ein liten digresjon kan eg nevne at dei og har eit damelag og eit futsallag. På sitt beste var dei innom 4.divisjon, men er no tilbake i 6.divisjon for første gang sia 2009.  Som nevnt blir det mindre tid til fotball når jobb og nystifta familier tar meir tid men Krabbetor har framleis mange gode spelarar. Problemet i år kan bli bredden i stallen. Med sine beste 11 kan Krabbetor kjempe heilt i toppen. I 6.divisjon stiller du sjeldent med dei same 11 og dei vil derfor havne rett bak dei beste i år. Tidlegare storskårar Ole Petter Mundal har ikkje vore med i år grunna ein operasjon men har følgende kommentar til tipset:

Ole Petter Mundal til høgre

Ole Petter Mundal til høgre

«Tipset høyres fornuftig ut. Men eg har trua på opprykk!»

Drakt/Shorts:          Svart/Grøn (tidlegare
«                                   vinrød/grøn)

Heimebane:              Nygårdsmyren Idrettsplass
                                   (kunstgras)

Førre sesong:           11.plass av 11 i 5.div Avd. 1
«                                   (5-2-13, 43-65)
   

Pass på:                     Krabbetor har rykka opp
                                    eller ned i alle åra dei har
                                    eksistert                                  

Tabelltips:                 4.plass                                                                                                                                            

Mathopen

759534_145721Mathopen kom ifjor på kvalikkplass i 6. divisjon avdeling 2. Der møtte dei Lysekloster 2 (som stilte med eit tilnærma førstelag). Etter sterke 2-2 heime på intime Kongsmyren fekk dei juling og tapte 6-1 borte. Eg har ein mistanke om at avdeling 2 var ein del svakere enn avdeling 1 førre sesong. Mathopen skal allikevel ikkje undervurderes og som nemnd har dei ei meget intim heimebane. Den er småtrange 57 meter brei og korte 87 meter lang. Ein får ikkje god tid med ballen her og det er lite bakrom å spele i. Dette veit heimelaget å utnytte og dei er flinke til å komme til innlegg og fylle opp boksen. Mathopen rykka opp frå 7.divisjon i 2011 så det at dei gjekk rett til kvalifisering i fjor er sterkt. Dei vant alle kampene i gruppespelet i TBWL der dei blant anna møtte avdelingskollegaene Viggo og Galgen. I kvartfinalen blei det imidlertid full stopp mot 7.divisjonslaget Myrdal (5.plass i 7.div Avd. 1 2012). Mathopen er det laget eg sleit mest med å plassere men eg tippar dei inn eit steg ned frå i fjor, nemleg 3.plass.

Kongsmyren Idrettsplass

Kongsmyren Idrettsplass

Drakt/Shorts:           Grøn/Svart

Heimebane:               Kongsmyren Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 8 i 6.div Avd. 2 (10-1-3, 46-31)

Pass på:                     Lange innkast på intime Kongsmyren

Tabelltips:                 3.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  Mathopen
  4.  Krabbetor
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

5.-6.plass

Det er tid for å tippe midten av tabellen. Eg føler meg rimelig sikker på dei 5 øverste laga men er det eit lag som skal blande seg inn her så blir det Skogsvåg.

Skogsvåg

SkogsvaagSkogsvåg er ein tradisjonsrik  klubb frå Sotra som ofte har lagt høgare opp i divisjonane. Dei har imidlertid slitt dei siste åra og til tross for spede opprykksambisjoner har dei ikkje tatt steget opp i toppsjiktet i 6.divisjon. Dei har ein tendens til å satse på opprykk men svikte litt og så klappe meir og meir saman når opprykkshåpet forsvinner. Dette mønsteret kan godt gjenta seg i år. Dei har sikret seg ein forsterkning i Knut Ove Høyland frå 4.divisjonslaget Telavåg og jobber med ein til. Artig nok er det kontraktuelle problemer som gjer at den overgangen drar ut. Noregs største Wiganfan og Skogsvåg sin trofaste høgreback Kent Rabben har følgende kommentar til tipset:156538_10150963872965219_1152855171_n

«Å tippe Skogsvåg på 6.plass tror og håper jeg blir for lavt på tabellen. Tror laget kan henge med i kampen om kvalifiseringsplassen lenge. En plass fra 4. og oppover tror jeg vi får se Skogsvåg i år!»

Draktfarger:              Grøn/Sort

Heimebane:               Skogsvåg kunstgrasbane

Førre sesong:            5.plass av 9 i 6.div Avd. 3 (6-4-6, 27-25)

Pass på:                      Målfarlige Knut Ove Høyland på midten

Tabelltips:                  6.plass

Galgen

logoGalgen hadde to lag påmeldte i fjorårets 7.divisjon og valgte å toppe andrelaget når dei såg at dei kom i den antatt svakeste avdelinga. Dette gjorde dei heilt rett i og det er då egentlig Galgen 2 som i år er med i avdelinga vår. Det at dei har to lag har gjort at dei har tatt ut ein 1.lagstropp og ein 2.lagstropp før årets sesong. Økt konkurranse bør auke kvaliteten og det rapporteres om ein solid pre-season for Galgen. Dei har blant anna slått Viggo 1-0 og ein storseier 10-2 over Nordnes. Det er verdt å nemne at Nordnes har ein tendens til å levere meget svake treningskamper. Stian André Tolleshaug var i vinter aktuell for SK Viggo men valgte å bli i Galgen. Den meritterte futsalspeleren Nicolai Græsdal bør og kunne drible av ein del backer i avdelinga. Galgen bør derfor vere godt rusta for eit comeback i 6.divisjon og sjølv om det ikkje held til å blande seg inn i opprykkskampen blir det ein 5.plass.

Drakt/Shorts:            Rød/Blå

Heimebane:                Krohnsminde (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 10 i 7.div Avd. 3 (12-2-4, 71-31)

Pass på:                      Den raske og driblesterke vingen Nicolai Græsdal.

Tabelltips:                  5.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  
  4.  
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

7.-8. plass

Idag er det 7. og 8. plass som skal plasseres. Mens eg følte meg ganske sikker på dei to nederste laga er eg meir usikker her. Desse plassene kunne nok like gjerne vore bytta om.

Vestkysten SK

26854_377847058918_1029260_nDei rosa panterene går laus på sin 4.sesong og etter ein variabel sesong i fjor fekk dei ein meget respektabel plassering. Avdeling 4 var ikkje den sterkeste avdelinga i 6.divisjon i fjor, men ein 4.plass er solid. Var betre borte enn heime og leverte gjennom heile sesongen varierende resultater. Har så vidt meg bekjent kun spelt to treningskamper i årets sesong og vunnet begge. Ein vel gjennomført defensiv opptreden mot 5.divisjonslaget Rosendal resulterte i 1-0 seier. Vestkysten er eit lag med ein tydelig sosial profil og var også i fjor på treningskamp i Burma der dei støtter eit risprosjekt (http://www.ba.no/nyheter/article5974229.ece). I tillegg har dei lagt pre-season til Barcelona for å hente inspirasjon. Til tross for at dei kjempa om opprykk i fjor trur eg det blir tyngre for den blide Åsanegjengen med heimebane i Fyllingsdalen i år.

Drakt/Shorts:             Rosa/Svart

Heimebane:                 Varden (kunstgras)

Førre sesong:              4.plass av 9 i 6.divisjon Avd. 4. (7-3-6, 42-39)

Pass på:                       Tiki-taka takter på Varden

Tabelltips:                   8.plass

Nore Neset

nnil_logo_dato_neststorNore Neset gjennomførte ifjor ein heilt grei sesong og havna midt på tabellen. Eit fysisk sterkt lag som var med i opprykkskampen i starten av sesongen men datt av utover. Ryktes at det var eit speleropprør der i fjor sommar som resulterte i noko så sjeldent som ein sparka trener. Dette er riktignok ikkje bekrefta då informasjonsflyten ut ifrå klubben er fråværande. Heimesida er ikkje oppdatert sia før ferien ifjor.  Det gjorde uansett ikkje underverker for høstsesongen og det kan bli spanande å sjå om dei blir betre i år. Dei trenar to ganger i veka og den eine treninga er delt med juniorlaget så kanskje det kjem nokre spanande unggutter opp og setter sitt preg på divisjonen. Havner i avdeling med rival Søre Neset og møter dei allereie i første kamp. Trur Nore Neset får det hakket tøffare i år.

Drakt/Shorts:            Blå/Kvit

Heimebane:               Nore Neset Kunstgressbane

Førre sesong:            5.plass av 10 i 6.div Avd. 1 (9-4-5, 65-55)

Pass på:                       Fysisk fotball

Tabelltips:                  7.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  
  4.  
  5.  
  6.  
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9. NHH 3
  10. Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | 2 kommentarar

Tabelltips 6.divisjon Avd.3 2013

Det nærmer seg endelig seriestart og førstkommande fredag tjuvstarter Skogsvåg og Hasunds Hund med årets første kamp. Laurdag er det tre kamper mens eit saftig lokaloppgjer mellom Søre Neset og Nore Neset avsluttar runden mandags kveld. Det er dermed på tide å kome med årets tabelltips og eg vil derfor offentligjere to lag kvar dag fram til og med torsdag. I årets avdeling er det ingen andrelag men eit 3. lag i form av NHH 3. Det ser ut som 4-5 lag kan vere med å kjempe om opprykk og det vil bli fleire jevne kamper der marginer vil avgjere. Til tross for iherdig leiting har eg ikkje funne nokre treningskampresultater frå dei to «Nesena» eller NHH3. I år er det 6 lag som spelte 6.divisjon i fjor, to nedrykka lag frå 5.divisjon og to opprykkslag frå 7.divisjon.

Avdelinga består av:

Krabbetor FK
Galgen
Søre Neset
Nore Neset
Vestkysten SK
Skogsvåg
Mathopen
Hasunds Hund
NHH 3
Viggo

Først ut i årets tabelltips er 10. og 9. plass:

Hasunds Hund

Hasunds_hund_versj_4131007aHasunds Hund er beviset på at det er like vanskelig å rykke ned frå 6.divisjon som det er å rykke opp. Vant kun 1 kamp førre sesong og tapte resten, dei fleste med stygge siffer. Var heller ikkje gode i 2011 der dei endte med 3 seirer. Hasunds Hund har vore mykje i mediabiletet grunna sitt engasjement i Brann og kanskje har dette gått utover eget lag. Dei har uansett stilt sterkt på trening i år og bør vere ute etter å revansjere fjorårssesongen. Om dei klarer det er ein anna sak men motivasjonen bør vere tilstede. Eg tviler dei lykkes i årets sterke avdeling.

Drakt/Shorts:       Rød/Rød

Heimebane:           Nymark 04 (kunstgras)

Førre sesong:         8. plass av 8 i 6.div Avd. 2 (1-0-13, 20-66)

Pass på:                   Solid forsterkning i Richard van Schijndel

Tabelltips:              10.plass

NHH 3

552671_10150776032149460_804235452_nNHH 3 er eit lag det er meget vanskelig å finne noko info om. Dei rykka i fjor opp frå 7.divisjon og hadde solide 6-1-0 på heimebane.Dei slapp inn kun 18 mål totalt på 14 kamper og var derfor eit gjerrig lag i fjor. Historien har dog visst at det er stor forskjell på 6. og 7. divisjon og eg trur derfor det blir mykje tøffere for økonomene i år.

Draktfarger:            Blå/Blå

Heimebane:             Myrdal (kunstgras)

Førre sesong:           1.plass av 8 i 7.div Avd. 4 (10-2-2, 42-18)

Pass på:                     Studentlag og kan derfor stille veldig ulike lag frå vår til høst.

Tabelltips:                9.plass

Tabellen

  1.  
  2.  
  3.  
  4.  
  5.  
  6.  
  7.  
  8.  
  9. NHH 3
  10. Hasunds Hund
Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Korleis brette fotballdrakter?

Det kan virke som om det å brette fotballdrakter ikkje lenger er noko ein legger sjela si i. I nyere tid er det vel blitt sånn at dei fleste har med si eiga drakt heim og har ansvar for denne. Før i tida var det imidlertid vanleg at draktvasken gjekk på rundgang og sjølv om det då og dukka opp enkelte bager der draktene berre var kasta oppi var det stort sett høg kvalitet på brettinga. Ofte gjekk det sport i å levere frå seg den mest stilfulle draktbagen.

For å starte med sjølve brettinga. Ei fotballdrakt skal brettast motsatt av ei t-skjorte. Det er altså ikkje fronten som skal synast, men baksida med nummeret. Dette seier seg egentlig sjølv. Alle som har vore i ein fotballgarderobe veit at spelere kastar seg over draktene for å finne sitt nummer. Viss ein gjer det på rett måte blir altså dette mykje enklare. Her er ein kort instruksjonsvideo som viser ein måte å korrekt brette ei fotballdrakt på.

Når samtlege drakter er bretta på denne måten skal det sjå sånn ut.

DSC_0245 (2)Då gjenstår det berre å sortere draktene etter stigende rekkefølge – høgste draktnummer nederst – i to bunker og legge pent i draktbagen. Då vil sluttresultatet sjå nokonlunde slik ut:

DSC_0248 (2)Dermed har man ein perfekt pakket draktbag. Lykke til!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

God påske!

god-påske1

Då skal alle avdelingslenkjer vere oppdaterte for årets sesong. Har i tillegg lagt til klubber som har manglet og fjernet dei som er vekke (overraskende nok forsvant Nubben frå fotballkartet etter forrige sesong…). Skulle du finne feil er det berre til å legge igjen ein kommentar så skal det fikses. Twitterguiden er også oppdatert og skulle du twitre om lavere divisjoner i Hordaland håper eg du legger igjen ditt twitternavn i kommentarfeltet.

Då gjenstår det berre å ønske alle ein riktig god påske!

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget