Tabelltips 6.divisjon Avd. 3 2013

I årets avdeling er det 6 lag frå fjorårets 6.divisjon,2 nyopprykka lag i Galgen og NHH 3 mens Søre Neset og Krabbetor kjem ned frå 5.divisjon. Det er gledelig for mange at det er ein kortreist avdeling og med kun eit «andrelag», nemlig NHH 3.

Avdelinga består av:

Krabbetor FK
Galgen
Søre Neset
Nore Neset
Vestkysten SK
Skogsvåg
Mathopen
Hasunds Hund
NHH 3
Viggo

Hasunds Hund

Hasunds_hund_versj_4131007aHasunds Hund er beviset på at det er like vanskelig å rykke ned frå 6.divisjon som det er å rykke opp. Vant kun 1 kamp førre sesong og tapte resten, dei fleste med stygge siffer. Var heller ikkje gode i 2011 der dei endte med 3 seirer. Hasunds Hund har vore mykje i mediabiletet grunna sitt engasjement i Brann og kanskje har dette gått utover eget lag. Dei har uansett stilt sterkt på trening i år og bør vere ute etter å revansjere fjorårssesongen. Om dei klarer det er ein anna sak men motivasjonen bør vere tilstede. Eg tviler dei lykkes i årets sterke avdeling.

Drakt/Shorts:           Rød/Rød

Heimebane:              Nymark 04 (kunstgras)

Førre sesong:           8. plass av 8 i 6.div Avd. 2 (1-0-13, 20-66)

Pass på:                    Solid forsterkning i Richard van Schijndel

Tabelltips:                10.plass

NHH 3

552671_10150776032149460_804235452_nNHH 3 er eit lag det er meget vanskelig å finne noko info om. Dei rykka i fjor opp frå 7.divisjon og hadde solide 6-1-0 på heimebane.Dei slapp inn kun 18 mål totalt på 14 kamper og var derfor eit gjerrig lag i fjor. Historien har dog visst at det er stor forskjell på 6. og 7. divisjon og eg trur derfor det blir mykje tøffere for økonomene i år.

Draktfarger:              Blå/Blå

Heimebane:               Myrdal (kunstgras)

Førre sesong:            1.plass av 8 i 7.div Avd. 4 (10-2-2, 42-18)

Pass på:                     Studentlag og kan derfor stille veldig ulike lag frå vår til høst.

Tabelltips:                 9.plass

Vestkysten SK

26854_377847058918_1029260_nDei rosa panterene går laus på sin 4.sesong og etter ein variabel sesong i fjor fekk dei ein meget respektabel plassering. Avdeling 4 var ikkje den sterkeste avdelinga i 6.divisjon i fjor, men ein 4.plass er solid. Var betre borte enn heime og leverte gjennom heile sesongen varierende resultater. Har så vidt meg bekjent kun spelt to treningskamper i årets sesong og vunnet begge. Ein vel gjennomført defensiv opptreden mot 5.divisjonslaget Rosendal resulterte i 1-0 seier. Vestkysten er eit lag med ein tydelig sosial profil og var også i fjor på treningskamp i Burma der dei støtter eit risprosjekt (http://www.ba.no/nyheter/article5974229.ece). I tillegg har dei lagt pre-season til Barcelona for å hente inspirasjon. Til tross for at dei kjempa om opprykk i fjor trur eg det blir tyngre for den blide Åsanegjengen med heimebane i Fyllingsdalen i år.

Drakt/Shorts:             Rosa/Svart

Heimebane:                 Varden (kunstgras)

Førre sesong:              4.plass av 9 i 6.divisjon Avd. 4. (7-3-6, 42-39)

Pass på:                       Tiki-taka takter på Varden

Tabelltips:                   8.plass

Nore Neset

nnil_logo_dato_neststorNore Neset gjennomførte ifjor ein heilt grei sesong og havna midt på tabellen. Eit fysisk sterkt lag som var med i opprykkskampen i starten av sesongen men datt av utover. Ryktes at det var eit speleropprør der i fjor sommar som resulterte i noko så sjeldent som ein sparka trener. Dette er riktignok ikkje bekrefta då informasjonsflyten ut ifrå klubben er fråværande. Heimesida er ikkje oppdatert sia før ferien ifjor.  Det gjorde uansett ikkje underverker for høstsesongen og det kan bli spanande å sjå om dei blir betre i år. Dei trenar to ganger i veka og den eine treninga er delt med juniorlaget så kanskje det kjem nokre spanande unggutter opp og setter sitt preg på divisjonen. Havner i avdeling med rival Søre Neset og møter dei allereie i første kamp. Trur Nore Neset får det hakket tøffare i år.

Drakt/Shorts:            Blå/Kvit

Heimebane:               Nore Neset Kunstgressbane

Førre sesong:            5.plass av 10 i 6.div Avd. 1 (9-4-5, 65-55)

Pass på:                       Fysisk fotball

Tabelltips:                  7.plass

Skogsvåg

SkogsvaagSkogsvåg er ein tradisjonsrik  klubb frå Sotra som ofte har lagt høgare opp i divisjonane. Dei har imidlertid slitt dei siste åra og til tross for spede opprykksambisjoner har dei ikkje tatt steget opp i toppsjiktet i 6.divisjon. Dei har ein tendens til å satse på opprykk men svikte litt og så klappe meir og meir saman når opprykkshåpet forsvinner. Dette mønsteret kan godt gjenta seg i år. Dei har sikret seg ein forsterkning i Knut Ove Høyland frå 4.divisjonslaget Telavåg og jobber med ein til. Artig nok er det kontraktuelle problemer som gjer at den overgangen drar ut. Noregs største Wiganfan og Skogsvåg sin trofaste høgreback Kent Rabben har
følgende kommentar til tipset:

156538_10150963872965219_1152855171_n

“Å tippe Skogsvåg på 6.plass tror og håper jeg blir for lavt på tabellen. Tror laget kan henge med i kampen om kvalifiseringsplassen lenge. En plass fra 4. og oppover tror jeg vi får se Skogsvåg i år!”

Draktfarger:              Grøn/Sort

Heimebane:               Skogsvåg kunstgrasbane

Førre sesong:            5.plass av 9 i 6.div Avd. 3 (6-4-6, 27-25)

Pass på:                      Målfarlige Knut Ove Høyland på midten

Tabelltips:                  6.plass

Galgen

logoGalgen hadde to lag påmeldte i fjorårets 7.divisjon og valgte å toppe andrelaget når dei såg at dei kom i den antatt svakeste avdelinga. Dette gjorde dei heilt rett i og det er då egentlig Galgen 2 som i år er med i avdelinga vår. Det at dei har to lag har gjort at dei har tatt ut ein 1.lagstropp og ein 2.lagstropp før årets sesong. Økt konkurranse bør auke kvaliteten og det rapporteres om ein solid pre-season for Galgen. Dei har blant anna slått Viggo 1-0 og ein storseier 10-2 over Nordnes. Det er verdt å nemne at Nordnes har ein tendens til å levere meget svake treningskamper. Stian André Tolleshaug var i vinter aktuell for SK Viggo men valgte å bli i Galgen. Den meritterte futsalspeleren Nicolai Græsdal bør og kunne drible av ein del backer i avdelinga. Galgen bør derfor vere godt rusta for eit comeback i 6.divisjon og sjølv om det ikkje held til å blande seg inn i opprykkskampen blir det ein 5.plass.

Drakt/Shorts:            Rød/Blå

Heimebane:                Krohnsminde (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 10 i 7.div Avd. 3 (12-2-4, 71-31)

Pass på:                      Den raske og driblesterke vingen Nicolai Græsdal.

Tabelltips:                  5.plass

Krabbetor

Krabbetor FK copyKrabbetor blei stifta i 2007 og er eit lag med utspring i miljøet av studentar og likesinna drå Dalsfjordområdet. Dei siste åra har derimot studentane blitt vaksne og det har dermed blitt mindre tid til fotballen. Dette har medført at dei i år berre har eit senior herrelag. Som ein liten digresjon kan eg nevne at dei og har eit damelag og eit futsallag. På sitt beste var dei innom 4.divisjon, men er no tilbake i 6.divisjon for første gang sia 2009.  Som nevnt blir det mindre tid til fotball når jobb og nystifta familier tar meir tid men Krabbetor har framleis mange gode spelarar. Problemet i år kan bli bredden i stallen. Med sine beste 11 kan Krabbetor kjempe heilt i toppen. I 6.divisjon stiller du sjeldent med dei same 11 og dei vil derfor havne rett bak dei beste i år. Tidlegare storskårar Ole Petter Mundal har ikkje vore med i år grunna ein operasjon men har følgende kommentar til tipset:

Ole Petter Mundal til høgre

“Tipset høyres fornuftig ut. Men eg har trua på opprykk!”

Drakt/Shorts:          Svart/Grøn (tidlegare
‘                               vinrød/grøn)

Heimebane:              Nygårdsmyren Idrettsplass
                                 (kunstgras)

Førre sesong:           11.plass av 11 i 5.div Avd. 1
‘                                (5-2-13, 43-65)
   

Pass på:                     Krabbetor har rykka opp
                                   eller ned i alle åra dei har
                                   eksistert                                  

Tabelltips:                 4.plass

Mathopen

759534_145721Mathopen kom ifjor på kvalikkplass i 6. divisjon avdeling 2. Der møtte dei Lysekloster 2 (som stilte med eit tilnærma førstelag). Etter sterke 2-2 heime på intime Kongsmyren fekk dei juling og tapte 6-1 borte. Eg har ein mistanke om at avdeling 2 var ein del svakere enn avdeling 1 førre sesong. Mathopen skal allikevel ikkje undervurderes og som nemnd har dei ei meget intim heimebane. Den er småtrange 57 meter brei og korte 87 meter lang. Ein får ikkje god tid med ballen her og det er lite bakrom å spele i. Dette veit heimelaget å utnytte og dei er flinke til å komme til innlegg og fylle opp boksen. Mathopen rykka opp frå 7.divisjon i 2011 så det at dei gjekk rett til kvalifisering i fjor er sterkt. Dei vant alle kampene i gruppespelet i TBWL der dei blant anna møtte avdelingskollegaene Viggo og Galgen. I kvartfinalen blei det imidlertid full stopp mot 7.divisjonslaget Myrdal (5.plass i 7.div Avd. 1 2012). Mathopen er det laget eg sleit mest med å plassere men eg tippar dei inn eit steg ned frå i fjor, nemleg 3.plass.

Drakt/Shorts:           Grøn/Svart

Heimebane:               Kongsmyren Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:            2.plass av 8 i 6.div Avd. 2 (10-1-3, 46-31)

Pass på:                     Lange innkast på intime Kongsmyren

Tabelltips:                 3.plass

Søre Neset

Søre NesetSøre Neset rykka ifjor ned frå 5.divisjon Avd.3 på målforskjell. Dei var fattige 2 mål bak Kjøkkelvik og to poeng bak Rosendal som kom tredje sist. Det var altså små marginer. (Etter ein kommentar frå ein observant leser så ser ein at målforskjellen er -30 på Søre Neset. Men dei møtte ikkje opp til bortekampen mot Halsnøy og fekk dermed 3 minusmål i tillegg. Dette fekk dei ikkje informasjon om før sesongslutt og det var altså dei 3 måla som førte til nedrykket.) Tidlegare Brannkeeper og bussjåfør Vidar Bahus trente laget ifjor men er no blitt erstatta av ein trenertrio som du kan lese meir om her.

“Målet for sesongen er comeback i 5. divisjon”, seier Stian Kvåle frå den nye trenartrioen.

11-04-2013 00-40-18

Dei sleit med eindel fravær i fjor, blant anna var troppen sårbar grunna offshorearbeidarar.  Men før sesongen i år er stallen betraktelig styrka med 8 spelarar; Alexander Thuen, Remy Snilstveit og Kenneth Hufthammer frå Nore Neset, Eirik Skåtøy, Andrew Lukey og Christer Johannessen frå Søfteland, Mounir Aouachria frå Os og Thomas Øvredal frå Lysekloster. Viss tidlegare Os-goalgetter Remi Lindborg også finn vegen til nettmaskene i 6.divisjon kan Søre Neset bli eit tøft lag å slå. I årets treningskamper har dei tapt 5-2 for Os 2 som i fjor rykka opp til 4.divisjon og 3-1 mot Norheimsund som rykka ned til 5.divisjon mens dei har slått 6.divisjonslaga Søfteland (2-0) og Eikelandsfjorden (5-2). Søre  Neset vil garantert kjempe heilt i toppen i år og er ein sterk kandidat til avdelingsseieren.

Drakt/Shorts:               Rød/Rød

Heimebane:                  Søre Neset Idrettsplass (kunstgras)

Førre sesong:                11.plass av 11 i 5.div Avd. 3 (3-4-13, 24-54) 

Pass på:                          Målfarlege Remi Lindborg

Tabelltips:                      2.plass

SK Viggo

viggologo minEg føler eg gjentar meg sjølv. For fjerde året på rad så glapp opprykket for SK Viggo. Det vil seg ikkje for den tradisjonsrike klubben og ein slit med å vinne dei viktige kampene. I fjor blei det to tap mot avdelingsvinner Minde og eit surt tap borte mot Lysekloster 2 (1…) som sendte Viggo ned på 3.plass.  Før årets sesong takka trener Kjell Lygren for seg etter 4 år og ny trener blei tidligere Austrheim og Ny-Krohnborgtrener Tor-Eivind Karlsen. Spelerstallen er omtrent den same som i fjor og stabiliteten bør slå poitivt ut. Som vanleg har Viggo gjort det svakt i TBWL men tatt seg saman i dei siste treningskampane. Martin Brandtun viser solid målform, Ørjan Gjerstad storspeler som midtbane mens Daniel Tonning ser ut til å ha prikka inn formen til seriestart. Viggo har ein solid stall og trenerskiftet har muligens slått positivt ut for dei som ikkje starta så mange kamper i fjor. Nettopp det å beholde den store og jevne troppen blir nøkkelen for Viggo i år. Med fleire matchvinnere i begge ender av bana og ein solid benk bør ein klare å vinne dei kampene der alle ikkje har dagen. Det går mot nok ein sesong i toppen for SK Viggo og i år er det kun ein ting som gjeld:

r600x600

Årets Viggosko er av typen Nike Tiempo Legend og er bestilt frå nikeid.com (Eg gjer oppmerksom på at bloggaren ikkje blir sponsa for denne reklamen).

Drakt/Shorts:               Gul/Blå vertikale striper /Blå

Heimebane:                  Viggo Stadion (kunstgras)

Førre sesong:                3.plass i 6.div Avd. 1 (13-2-3, 80-32)

Pass på:                          Hemmelig

Tabelltips:                      1.plass

Konklusjon

Årets avdeling er ein av dei sterkaste på lenge. Med ein 3-4 lag som var i toppen i 6.divisjon ifjor, to solide lag frå 5.divisjon og hardtsatsande Galgen er det mange om beinet. Det vil bli mange jevne kamper der det er det lille ekstra som blir avgjerende. Dette lover bra for ein underhaldande sesong med mykje god breddefotball!

Eg håpar på ein sesong fylt med innsats og speleglede og ynskjer alle lag lykke til i årets sesong!

Tabellen

  1.  SK Viggo
  2.  Søre Neset
  3.  Mathopen
  4.  Krabbetor
  5.  Galgen
  6.  Skogsvåg
  7.  Nore Neset
  8.  Vestkysten SK
  9.  NHH 3
  10.  Hasunds Hund

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s